Inga Litimor

Inga Litimor 歌詞

ジャンルRock Roll
時間4:22
原文言語NO
閲覧数339
歌詞座標

原文歌詞

NO
翻訳はまだありません。原文を表示しています。
18
Inga Litimor på handkvern i kongsgarden mol og kvad dei små visone av ljos og liv og sol -Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene Då gjekk det bod at Inga må trø for kongjens stol og kveda alt som lyser av liv og ljos og sol. -Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene Ho kom seg til kongshall i skor frå finnegarn med hjartebank i bringa det bar for kongjen fram. -Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene "Fribore namn og æra deg kongjen gjeva vil; no, Inga, kan du syngje som best det høver til." -Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene "Takk, stor er kongjens æra, song fugelen på kvist; men betre være elska, veit mannebarnet visst." -Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene "So høyr eit ord, mitt siste: Eg byd deg brudelin. Det er den unge kongjen som sjølv må verta din." -Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene "Men då må kongjen veta han ikkje skjemmast tarv; for eg er kongjedotter, og han sit i min arv." -Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene Og der vart vigsle-veitsla, og songen auka på, og hev'kje nyst dei slutta, så varer det endå -Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene